bryllup i utlandet, Dubrovnik, Kroatia


Me kan anbefale Kristina Skvrces bryllupsplanleggings tenester på det varmaste! Me gifta oss i Dubrovnik Juni 2011, og fekk særs god hjelp og tilrettelegging frå Kristina frå første stund. Me hadde ikkje vore i Kroatia tidlegare, og all kontakt inntil nokre dagar før bryllupet foregjekk på e-post. 


DoYouWed.me archive photo, Wedding in Sponza Palace
Frå første stund har me fått fantastisk god oppfølging og service, me har fått mykje og god informasjon om alt frå ulike lokaler og menyar, heilt ned til detaljar om musikk, borddekking og blomster. 

Me har heile vegen følt oss ivaretatt og trygg på Kristinas veiledning, og me har alltid fått raske og gode tilbakemeldingar på våre ønsker. Me fekk på eit tidleg tidspunkt ein skriftleg kontrakt, som gjorde at me følte oss trygge på at me var godt ivaretatt og me har heile vegen følt at våre ønsker har vore i sentrum. Kristina har og gitt oss god hjelp med våre vigselspapirer, utan hennar hjelp hadde det vore vanskeleg å få oversatt og finne fram dei riktige dokumenta.


DoYouWed.me archive photo, Sponza Palace

Me gifta oss i Sponza Palace, og hadde middag for 25 gjestar på Grand Villa Argentinas (GVA) terrasse. Omgjevnadane var meir enn me nokon gong kunne drøymd om, og dagen blei mykje bedre enn me kunne ha håpa på. Kristina arrangerte og båttur fra vielse til GVA, med fersk frukt og cava. Maten var kjempegod, og me snakkar enno om bryllupskaka! På bryllupsdagen klaffa alle detaljar, Kristina var tilstades heile dagen og me kunne slappe av og nyte dagen. 



DoYouWed.me archive photo, Grand Villa Argentina

Dersom de ønskjer bryllup i utlandet, vil Dubrovnik gje ei romantisk ramme rundt dagen. Me har utruleg fine minner frå dagen, noko alle dei nydelege bileta (tatt av Kristinas fotograf) vitnar om! Tusen takk for god hjelp,

Kristina!
Benedikte og Åsmund, Bergen, Norge

Comments

Popular posts from this blog

Bryllup i Kroatia, Dubrovnik

Bryllup i Cavtat

Øya Lokrum bryllup